|
ARKIV |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
VELKOMSTFEST FOR DEN NYE FERJA PÅ SØNDAG 04.06. Halvdan, Tor, Stig og Børje reiste onsdag kveld frå Tromsø mot Barmen med den nye ferja. Ein er no i gong med å lage til ei skikkeleg mottaking på søndag. Jungeltelegrafen vil gå på søndag, så ikkje ver for langt borte frå telefonen! Les innkallinga her. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
(:RESULTAT FOR BARMEN.NO I JUNI 2004: 1060 BESØK OG 703 KLIENTADRESSER:) |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
FYLKESUTVALET SAMRØYSTES FOR NY FERJE! Fylkesutvalet var måndag 07.06.2004 samrøystes om at ein skal løyve 600 000 og auke det årlege tilskotet til ferjesambandet Barmen-Barmsund. Fylkesutvalet bestemte seg altså for alternativet som er meir framtidsretta enn kjøp av ny motor i den gamle ferja. Ferjeselskapet er no inne i forhandlingar med skipsmeglar, og barmen.no vil melde i frå så fort den eventuelle handelen vert gjennomført. Det vart også bestemt at Fylkeskommunen betaler leiga av reserveferja "Jøa" med kr. 166 000. Brevet næringslivet sende til Fylkesutvalet kan de lese her. Les møteprotokollen frå Fylkesutvalet 07.06.08 her. H. Fagerli 08.06.04/12.06.04 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
"BARMEN" I RUTE ATT PÅ TYSDAG. "Gamleferja" vart reparert til tysdag 15.06. og vart då sett inn i normal rute. Dette vil seie at det vil vere bilferje på sambandet kontinuerleg til den nye ferja vert sett inn i drift. Ferjeselskapet er framleis i arbeid med å forhandle fram ein handel på den aktuelle ferja. H. Fagerli 15.06.04 (2000) |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
ORDFØRAR GUNN R.V. HELGESEN GRATULERER. . Det er ikkje berre på Barmen gleda er stor for at ein endeleg kan kjøpe ei ny ferje til sambandet. Dette er viktig for heile kommunen, og ordføraren møtte personleg opp med blomar og gode ord på rim til Ferjeselskapet. Les kortet ordføraren gav til ferjeselskapet her. H. Fagerli 11.06.04 (2000) |
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
FYLKESUTVALET BEHANDLAR FERJESAKA MÅNDAG 07.06. Fylkesutvalet skal på måndag ta stilling til om ein skal gje løyvingar til kjøp av ny ferje eller kjøp av ny motor på "Barmen". For meir informasjon om sakspapir og tilrådingar kan ein sjå på nettsida til Sogn og Fjordane Fylkeskommune. H. Fagerli 02.06.04 (2115) |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
RESERVEFERJA JØA PÅ PLASS Reserveferja går no i rute etter vanleg ruteoppsett til det er avklart kva som vil skje med "Barmen". Reserveferja er bemanna av eigarane, medan ferjeselskapet frå Barmen tek seg av billettar o.l. H. Fagerli 28.05.04 (1700) |
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
RESERVEFERJE FRÅ FREDAG 28.05.
Motoren i BF Barmen må bytast ut. Dette er ein stor og kostbar operasjon, og ein må difor truleg vente ei stund før ferjeselskapet er tilbake med ei ferje i drift. Ferjeselskapet var i dag på Skei i møte med Fylkeskommunen der framtidige løysingar vart drøfta. Det kom ikkje noko løysing i dag, men det er lagt fram to alternativ; kjøp av ny ferje eller byte ut motoren i bilferja Barmen. Det vart i dette møtet bestemt at det skal setjast inn ei reserveferje på sambandet som skal gå etter ordinært ruteoppsett. Det vil seie at frå og med fredag vil BF Jøa trafikkere Barmen-Barmsund. Jøa er ei litt større ferje med plass til 12 bilar............................................................................................................ barmen.no: Håvar Fagerli (26.05. kl. 2100) |
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
HONNØR TIL FERJESELSKAPET Bygdelaget vil rose ferjeselskapet for innsatsen med å transportere bilane over til fastlandet etter motorhavariet. Med hjelp av MOB båten til Redningsselskapet fekk ein slept ferja over med bilane, slik at barmarane kunne kome seg på arbeid og gjere andre ærend. (27.04.04) |
![]()
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Årsmøtet | 17. mai | Småbruk til sals på Barmen | Våren er dugnadstid | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
BARMATREFF?? Harald Myklebust vil gjerne lufte tanken om å arrangere eit treff for alle som har røter tilbake til Barmen. Ein har no laga liknande treff på Silda og ytre Stad. Ideen er å prøve å samle så mange barmarar (utflytta, 2. genrasjons, inngifte, etterkomarar osv) som mogleg. Om fleire tykkjer dette høyrest spanande ut, er det berre å ta kontakt med barmen.no eller Harald. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||