|
VELKOMSTFEST FOR NYFERJA SØNDAG 04. JULI |
|
| Halvdan,
Tor, Stig og Børje reiste ut frå Tromsø onsdag kveld og er no på veg
mot Barmen. Ferja fortener ein skikkleg velkomst i ekte god
barmatradisjon når ho kjem til sin nye heim. Vi oppmodar difor
bygdefolket om å møte opp på denne velkomstfesten på søndag. |
|
| Tid: | Usikkert, men
mest truleg på søndag ettermiddag. Alle husstandar vert kontakta på
telefon ei tid før ferja kjem. Ver i nærleiken av telefonen på søndag! |
| Stad: | Ferjekaia |
| Servering: | Ferjeselskapet
spanderer kaffi, brus og anna drikke. Fint om dei som har høve til det
tek med seg litt kaffimat. |
| Program: |
Kanskje kjem ordføraren. (Dersom ikkje vert det meir mat på oss). Mat. Taler? Omvisning. Fint om ein også tek med seg utestolar om det er bra ver. |
| Båteskorte: | Det er planen
at ein også arrangerer ei mottaking til havs om det vert høveleg ver.
(Dette veit ikkje ferjekarane noko om. Overrasking. Hysj, hysj.) Når
tida er inne (telefonen ringjer) vil det vere svært bra om nokre båtar
kan reise ferja til møtes, og følgje ho på siste del av turen mot
Barmen. (Dette må båteigarar
og landkrabber ordne seg i mellom, slik at ein god flokk kan reise ut). |
|
Spørsmål kan rettast
til Gudfinna, Olaug eller Håvar (”Velkomstkomiteen”) |
|
|
Tek med eit bilete av
nyeferja til slutt slik at vi veit kva vi skal sjå etter: |
|
|
|
|
|
Håvar Fagerli 01.07.04 (2345) tilbake |
|