|
Tilbake
På eit årsmøte i grunneigarlaget I 2002 kom det framlegg om å bruke noko av overskotet av fiskekort og jaktutleige til innkjøp av ein hjartestartar. Og sidan den tid har hjartestartaren vore på øya. For å kunne bruke denne på menneske som får vanskar med hjartet må ein ha opplæring og inneha eit sertifikat. Det er i dag åtte øyburarar som har dette sertifikatet.
Tysdag 10.05. kalla beredskapsnemnda med Stig i spissen inn til repetisjonsøving for hjartestartargruppa. Alle må gjennom ei resertifisering kvart andre år.
Til å halde kurset nytta ein firmaet Medi3 frå Ålesund. Det er også desse som har levert hjartestarteren til bygdelaget. Medi3 sin utsende, Rut Lingaard held for det meste kurs på båtar, og det var første gong ho kursa eit bygdelag.
- Det er unikt og eit flott intiativ av eit bygdelag å kjøpe og kunne bruke ein hjartestartar, sa Lindgaard.
Etter timar med praktiske øvingar og teori og eit friminutt med fotball, er no hjartestartargruppa sertifisert for to nye år.
HF 13.03.05
|