Det blir kino i grendahuset tysdag 11. desember. Grinchen klokka 17:30 og Bohemian Rhapsody klokka 20:00.

Tidspunkta høver godt til ferjerutene. Det går ferje frå fastlandet klokka 16:50 (retur klokka 19:30). Så går det ei ferje frå fastlandet klokka 20:00 med retur når Bohemian Rhapsody er ferdig.

Sjølvsagt kan ein sjå begge filmane, og då også nyte godt av alle varene i kiosken.

Velkomen til filmkveld på Barmen!