Grendehuset fyller 90 år – inviterer til jubileumsfest

Laurdag 25. november inviterer Barmøy bygdelag til bursdagsfeiring for Barmøy grendehus.

Barmøy grendehus vart bygt i 1933, og bygdelaget lagar no til jubileumsfest for 90-åringen. Bursdagsbarnet stiller sjølv med lokale, og bygdelaget fyller festen med innhald.

– Det blir middag med dessert og kaker, historieforteljingar og utstillingar med meir, seier leiar i Barmøy bygdelag, Hanne Marie Utvær.

Barmøy grendehus er viktig for mange, og bygdelaget håpar at folket møter opp i grendehuset denne laurdagskvelden for å feire jubilanten.

Påmelding til Hanne Marie på telefon 911 02 779 innan 17. november. 

Her er eit utval bilde frå arrangement i grendehuset i seinare tid:

Feiring av nasjonaldagen. Foto: Håvar Fagerli
Fint utevêr. (Foto: Håvar Fagerli)
Dugnad ved grendahuset. (Foto: Håvar Fagerli)
Grendahuset er no eit fint skode frå vegen. (Foto: Håvar Fagerli)
Ein kunne sjå mange snodige teknikkar denne nasjonaldagen. (Foto: Kristanne Myklebust Fagerli)
Bygdelaget i arbeid under gode lysforhold. ((Foto: Håvar Fagerli)
Alle må vente til fotografen er ferdig med dokumenteringa av kakebordet. (Foto: Håvar Fagerli)
Ikkje mange ledige parkerngsplassar denne søndagen., (Foto: Håvar Fagerli)
Tor Ivar Østreng takka på vegne av øybuarane alle som hadde kome til Barmen denne dagen. (Foto: Håvar Fagerli)
Korona gjorde at vi ikkje fekk lov til å feire nasjonaldagen inne i grendehuset. Leiar i bygdelaget, Hanne Marie Utvær, hadde ordna med både sprit og songbøker. (Foto: Håvar Fagerli)
Leiar i Barmøy bygelag, Hanne Marie Utvær sytte for at alle fekk rikeleg påfyll. Janne Mari Hjelle i Stad kino sytte for nydeleg popcorn. (Foto: Håvar Fagerli)
Publikum klar til film i grendahuset. (Foto: Håvar Fagerli)
Bygdelaget spanderte kaffi og mat til alle som deltok på bygdevandringa. (Foto: Håvar Fagerli)