MF «Barmøy» har trufast sigla mellom Barmen og Barmsund sidan 2004, og med det blitt ein stor del av oppveksten til unge barmarar.

– Eg hugsar spesielt dei gongane vi leika gøymsel rundt om på heile ferja, seier Nora Wold Haugland (17). – Eg brukte alltid å gøyme meg under trappa. Det var den beste gøymeplassen på heile ferja, kjem det frå Daniel Petterson Utvær (16).

Kristianne Myklebust Fagerli (17) fortel at dei har spelt uendeleg mange rundar kort på ferjeturane til og frå skule og fritidsaktivitetar. – Alltid kjekt å slå mannskapet i kortspelet «Idiot», ler Kristianne, som har mistanke om at mannskapet somme tider har tapt med vilje.

– Det har ikkje alltid vore like fint vêr når vi har reist, og det har hendt at kaffikoppar har ramla på golvet og knust, fortel Ellen Synnøve Myklebust Fagerli (14)

– Vi kjem til å sakne ferja. Denne ferja er ein stor del av barndomen min. Det har vore eit treffpunkt for oss. Det kjem til å bli bra med ei ny ferje, men eg vil nok sakne den heilt spesielle koselege atmosfæren som er her om bord, seier Kristianne Myklebust Fagerli.