Klokka 06:45 spelte Kariann Myklebust Fagerli opp til trekkspelkonsert på ferja. Seinare på dag vart også Alfred Myklebust (song) og Ottar Nygård (trekkspel) med i samspelet.
Konsertane på M/F Barmen er ein del av festivalen Spel norsk i Stad.

Den første konserten vart gjennomført på ferjeavgangen frå Barmen klokka 06:45. Sjølv om det var tidleg var det relativt godt oppmøte. Som på alle kulturarrangement no for tida, vart alle dei reisande oppmoda om å sitje med god avstand. Trekkspelaren var også spandabel med spriten. Sjølv om det her var snakk om handsprit, så vart det sjølvsagt då kommentert at dette var akkurat som å vere på trekkspelfestival.
På ferjeavgangen klokka 16:30 frå Barmsund var det igjen klar for ny konsert. No deltok også Ottar Nygård på trekkspel og Alfred Myklebust på song. Fleire hadde no møtte opp for å få med seg konsert. Det var god allsongfaktor og god stemning på ferja. Konserten heldt fram over til Barmsund klokka 16:40 og retur til Barmen klokka 17:00.

Tusen takk til Kariann, Alfred og Ottar for god konsert. Og takk til mannskapet om bord på M/F Barmen for tilrettelegging.
Det har vore kultur på gamleferja også. Sjå artikkelen om den store ferjefesten.