Flaggborga heldt god fart, og med det vart det mange luker i toget 17. mai 2020.
Sjølv om den tradisjonelle markeringa av nasjonaldagen var avlyst, samlast likevel ein liten gjeng ihuga toggjengarar seg ved grendahuset på nasjonaldagen.

Smittevern i fokus
Ein av fordelane med å vere så få fastbuande er at vi greier å halde oss innanfor gjeldande smittevernreglar, også når det kjem til tog. Leiar i Barmøy bygdelag, Hanne Marie Utvær, delte ut både songbøker og desinfiseringssprit før dei 15 frammøte song nasjonalsongen.
Flaggborga var plukka ut med tanke på tryggleik og avstand. Med to rappføtte damer i front vart det stor strekk i toget, med god og trygg avstand.
Kryssa vegen framfor toget
Det mest dramatiske som hende på turen frå grendahuset mot krysset og tilbake, var ein meitemark som kryssa vegen rett framfor toget. Ei observant flaggborg fekk stoppa toget, til meitemarken var komen trygt over på andre sida av vegen.
Det vart ikkje noko felles arrangement i grendahuset dette året, men likevel ei lita og fin markering utandørs.
