Velkomstfest for nyeferja 04.07.04

Klikk på bileta for å sjå dei i større format. 

"No kjem ferja", seier Gudfinna og startar varslingsplanen for å gå i båtane. Gudfinna har planlagt ei overraskande båtkortesje for å gje ein skikkeleg velkomst til den nye ferja og ferjekarane: Stig, Børje, Halvdan og Tor, som har henta nyeferja "Flatøy" frå Troms
 
 

10 båtar reiser ut for å møte den nye ferja som skal gå mellom Barmen og fastlandet i framtida.

Foto: Stig-Arild Fagerli

 

 

På land har nokre funne gode utkikspunkt for å sjå etter ferja som har runda Stad.

"Er det ferja vi ser langt der ute?" spør Aslaug på Fjellet.

 
Ved øya Silda møter barmarane "Flatøy". Flatøy fløytar. Småbåtane svarar. Ei fantastisk og sterk oppleving som gav klump i halsen, seier dei som opplevde dette møtet.

Foto: Stig-Arild Fagerli

 
"Flatøy" fører an inn leia mot Barmen.
 
Vel framme i si nye hamn står alle dei som ikkje var med ut i båt med flagg og hurrarop.

Foto: Stig-Arild Fagerli

 
Tyske turistar får ei spesiell og gratis oppleving denne dagen på Barmen.
 
"Flatøy" la til hamn som ho ikkje hadde gjort noko anna tidlegare. Eit teikn på at ferja kjende seg velkomen og kanskje også at det var gode skipperar ved roret.
 
Velkomen heim og gratulerer med dagen!
 
Ordførar Gunn R.V. Helgesen gratulerte barmarane med ny ferje og klipte snora til ferja.
 
Leiar i bygdelaget Olaug Wold takka ordføraren for gode ord og at ho kom til Barmen på denne store dagen.
 
"No er det i alle fall to som fortener kvar sin bukett", sa Gudfinna Solvåg som delte ut bukett til reiarfruene: Tone Evjen og seg sjølv. Dette var vel fortent og eit artig innslag.
 
Dei som var flinke til å telje sa at heile 70 personar var møtt fram for å ta i mot den nye ferja til Barmen.
 
Det vart servert kaffi, brus, kaker og musserande vin til alle dei frammøtte.
 
Nyfikne og glade barmarar får sitt første møte med "Flatøy". Ei stor og fin ferje.
 
Ordføraren i Selje hadde ein fin dag på Barmen. Det har vore ein lang prosess for både kommune og ferjeselskap før ein kunne kjøpe denne ferja. Veldig kjekt at Gunn R. V. Helgesen var med på denne markeringa av at ein no endeleg er i mål.
 
Brått forsvann alle bort frå ferja. Steinar hadde med seg ein tilhengar med mykje rart, og fekk med den samla mykje folk.
 
Motoren i ferja er berre eitt år gammal og har gått om lag 3000 timar. "Veldig fbra vedlikehald av dei tidlegare eigarane", seier Barmøyferja sin maskinist, Børje Petterson, som gledar seg til ferja kjem i rute.
 
Når barmarar samlast er det også tid for leik. Før har vi leika "Sprettepinn" og "Kari og Knut" på samlingane på Røyset. No var det turn som stod for tur. Her ser vi Kristi i ei flott rulle på stong.

Håvar Fagerli 05.07.04                                                                   tilbake