Stødige karar i flaggborga gjorde sitt til at toget kom trygt tilbake til Grendahuset. (Foto: Håvar Fagerli)
Sjølv om det var langt frå rekord på deltakarar, vart toget likevel å rekne som langt, takka vere eit godt rykk frå flaggborga.
Dei siste åra har toget starta opp ved Grendahuset, gått bort til krysset, snudd og gått tilbake til Grendahuset. Dette var tilfelle i år også, men denne gongen på endå betre underlag. Dette var nok ei medverkande årsak til at alle i 17. mai-toget returnerte tilbake til Grendahuset heilt utan skader. Så vi kan trygt seie at 17. mai 2019 vart ein suksess.
Det vart ei svært triveleg feiring av nasjonaldagen på Barmen, med god mat, gode samtaler, konkurransar og mykje moro. Takk til nemnda for ein god jobb!
Biletet seier meir enn tusen ord om vêrsituasjonen denne dagen. (Foto: Håvar Fagerli)Leiar i bygdelaget, Hanne Marie Utvær, heldt ei fin tale for dagen. (Foto: Håvar Fagerli)17. mai-toget på god veg frå Grendahuset. (Foto: Håvar Fagerli)Rikhaldig buffet som alltid i Grendahuset. Mange gode kokkar og bakarar deltok denne dagen. (Foto: Håvar Fagerli)Alle må vente til fotografen er ferdig med dokumenteringa av kakebordet. (Foto: Håvar Fagerli)Ein favoritt, laksesmørbrød og pærebrus. (Foto: Håvar Fagerli)Alt blir grundig reingjort etter matgildet. (Foto: Håvar Fagerli)Hei, kor det går (Foto: Håvar Fagerli)God innsats på standplass. (Foto: Håvar Fagerli)Nokon har trent. (Foto: Håvar Fagerli)Mimrestund når ein ser i øymuseet sine album. (Foto: Håvar Fagerli)Det skal pyntast når det er 17.mai. (Foto: Håvar Fagerli)Velfortente premiar til spreke ungdommar. (Foto: Håvar Fagerli)