barmen.no: Håvar Fagerli 

TID FOR DUGNAD.

Våren er tida for dugnadar på Barmen. Det har til no vore dugnad både i grendahuset, skulehuset og Ekranaustet. Folket møter opp for å ta eit felles tak og på same tid ha eit triveleg sosialt felleskap.

Det starta med nedvask og opprydding i grendahuset etter utbygginga som har vore der i vinter. Her var det dugnadsdeltakarar i alle aldrar. Golv, skap, veggar, hyller, lister, ja alt fekk seg ein grundig tørk med filla eller dampvaskaren. midt i økta vart det servert pølser, kjeks, is og anna som ein fann i kjøleskapet og frysen på kjøkenet. Dei som ikkje hadde fått nok dugnad møtte jammen opp neste laurdag og. Så no er grendahuset både utstyrt med alle faselitetar og blinkande reint.

Ein ettermiddag var det tromma inn til felles innsats på Røyset. Her skulle det leggast siste hand på verket, Ekranauset. Dette naustet skal no bli ei avdeling for museet på øya. Naustet vert høgtidleg opna seinare i vår.

Det har vorte bestemt at vi skal behalde skulen i bygdelaget sitt eige. Så no skal det ryddast ut og vaskast slik at det vert endå trivlegare å bruke skulehuset. Det er snakk om at i alle fall arrangørane bak salsmessa vil ha ein handverksbase i skulen. 

Nedanfor er nokre av bileta som vart tekne under dugnadane. Klikk på bileta for å sjå dei i ei større utgåve.

bilete2.jpg (47028 byte)

nielsvask.jpg (30160 byte)

gardiner.jpg (31537 byte)

mat2.jpg (80793 byte)

mat.jpg (42616 byte)

bilete.jpg (31129 byte)

Tilbake til barmøynytt Tilbake til hovudsida

barmen.no 21.04.2004