16. oktober 2021
No er stiane til Skjolden frå både Kåsabakkjen og Fjellet godt merkte og rydda. Ein dugnadsgjeng med Svein Barmen i spissen har brukt godvêrsdagane denne våren til rydding og merking av råsene til Skjolden. I løpet av påska 2019 har det vore svært godt besøk på Skjolden. God tur!
Det meiner administrasjonen ved Selje kommune at vegane på Barmen skal heite. Bygdelaget hadde framlegg om Barmavegen, Vikasvingane, Fjellvegen og Røysetevegen. Adressa til dei som bur langs vegen frå ferjekaia til Fjellet, blir då til dømes Barmen 6, 6715 Barmen. Selje kommune skal handsame saka i formannskapet 27.02.2019.  
Kino i Barmøy grendahus laurdag 13. april. Klokka 1415 Dumbo (Ferje klokka 1335) Klokka 1700 Captein Marvel (Ferje klokka 1630) Les meir her Ferjeruter    
Barmaren Johanna Magdeli Pettersson Utvær vann i dag, 07.12.2020, stipendet til KokkeKarlas Legat. Matprisen.no skriv: "Den som i år mottar stipendet til KokkeKarlas Legat er ei ung kokke med ambisjonene på plass. Hun kommer fra et småbruk på Barmøya i Selje hvor frukt- og bærplukking, sauehold, og sjarkfiske har formet hennes interesser for gode råvarer og tradisjonelle bevarings- og tilberedelsesteknikker. Gjennom...
Onsdag 5 desember kjem representantar frå Selje kommune og vil møte bygda om kulturminner og kulturminneplanen. Møtet vert grendahuset klokka 17:30. Det ligg eit hefte med meir informasjon på ferja.  
Barmaren Johanna Magdeli Utvær Petterson vann skule-NM i kokkefaget i Trondheim i dag. Johanna bur på Barmen og pendlar dagleg til Måløy vidaregåande skule der ho er elev i 2 KSA. Vi gratulerer den ferske noregsmeisteren. Vi er fantastisk stolt av deg, Johanna!
Ferja er i normal drift etter eit planlagt verkstadbesøk 23.-25. april. Måndag 23. april: Rutene 0650, 0735 og 0835 frå Barmen går som normalt. Rutene 0720 og 0800 frå Barmsund går som normalt med bilferja. Resten av rutene vil gå med passasjerbåt etter vanleg rutetabell. Barmøyferja AS håpar at bilferja er i rute torsdag morgon eller tidlegare. For spørsmål ta kontakt på...
Barmøy bygdelag hadde måndag 3. september møte der dei kom med framlegg til offisielle  vegnamn på øya. Bygdelaget ynskjer å namngje fire vegparsellar på øya. Desse er: Vegen frå Røysane til krysset på Bakkebøen bør heite Barmavegen Vegen frå krysset på Bakkebøen til Vikja bør heite Vikasvingane Vegen frå krysset på Bakkebøen til Fjellet bør heite Fjellvegen Vegen frå krysset...
Søndag 30. juni ynskjer BARMEN velkomen til bygdevandring, aktivitetar og og sosialt samvær i si bygd! Barmen inviterer til bygde-bilkøyring med guidar rundt til alle bygdene og kulturminna på øyna, ein kan låne sykkel og ta ein sykkeltur rundt Fjellvatnet (ta med hjelm), prøve fiskelukka i vatnet (ta med fiskestang), det blir vandring rundt Fjellvatnet, natursti for born og vaksne på Solstien og topptur til...
Det blir nokre endringar i ferjeruta i jule- og nyårshelga. Julaftan går ferja etter ordinær rute med siste avgang frå Barmen klokka 16:10 og siste avgang frå Barmsund klokka 16:30. 25. og 26. desember går ferja etter søndagsruter. Nyårsaftan går ferja etter ordinær rute med siste avgang frå Barmen klokka 19:30 og siste avgang frå Barmsund klokka 20:10. 1. nyårsdag...
0TilhengararLik