16. oktober 2021
Påska 2020 blir ei annleis påske, også på Barmen. Det blir ikkje så mange påskegjester på Barmen denne påska. Når ein ikkje kan reise til Barmen denne påska, så får ein heller oppleve Barmen virtuelt her på barmen.no. Vi vil ynskje alle ei god påske der de er! Vi gler oss til vi alle møtes på Barmen igjen. https://vimeo.com/183098006 https://vimeo.com/182582527 https://vimeo.com/182312061 https://vimeo.com/182863684 https://vimeo.com/182894384 https://youtu.be/d8pqtZkPEuo https://vimeo.com/197785278 https://vimeo.com/185690887 https://vimeo.com/278328299 https://vimeo.com/188706124  
Tove Måløy og Tor Ivar Østreng har tatt over drifta av Doktorgarden i Selje. Dette gjer at Barmøy Gjestehus ikkje held ope denne sesongen. Slagordet til Barmøy Gjestehus er "tiden hviler middag". - No blir det Barmøy Gjestehus som kviler middag, seier Tove og Tor Ivar. Tove og Tor Ivar skal framleis bu på Fjellet medan dei driftar Doktorgarden i Selje. Vi...
Kino i Barmøy grendahus laurdag 13. april. Klokka 1415 Dumbo (Ferje klokka 1335) Klokka 1700 Captein Marvel (Ferje klokka 1630) Les meir her Ferjeruter    
Mellom Korsnes og Røyset står det ein bautastein med innskrevne runer. Ein har tidfesta innskrifta på runesteinen til år 400, og er med det av dei eldste i Sogn og Fjordane. Runene er frå den eldre runerekkja, og dei lærde er usamde om tydinga. Runesteinen er no gjort meir synleg med skilt, og det er høve for kvar enkelt...
Ytst i fjøresteinane ved Røyset på Barmen ligg der ein stein og vippar. Steinen har namnet Kråkesteinen. Sagnet seier at trollet på fastlandet ein gong for veldig lenge sidan har kasta denne steinen mot Barmen. Trollet på Barmen kasta ein stein tilbake, og denne finn vi langt inne på fastlandet. https://vimeo.com/278328299
Kino, påskebingo og afterbingo er litt av det som skjer på Barmen i påska. Palmelaurdag 13.04. blir det kino i grendahuset. Sjå eiga sak. Langfredag 19.04. blir det bingo og kafè i grendahuset klokka 1700. (Ta med kontantar) Same dag blir det afterbingo klokka 2100. Nemda seier at ein kan ta med seg mat og drikke, og dei stiller med påskekviss og...
Sjølv om Johanna Magdeli Pettersson Utvær (19) har jobba for gullvinnarar frå Bocuse d'Or og lært seg kokkekunst på høgt nivå, trivast Johanna aller best med å lage vegetarrettar med råvarer frå Barmen. Dette seier Johanna i eit større portrettintervju som står i Aftenposten sitt magasin Mat fra Norge. Johanna legg ikkje skjul på kvar ho kjem frå, og kvar interessen...
Dronning Sonja rakk ikkje gå i land på Barmen på veg til Selja.  Likevel fekk dronninga og følgjet hennar, nyte synet av Barmen frå sjøsida på veg til Bjørgvin Bispedøme sitt 950-års jubileum.  
No er stiane til Skjolden frå både Kåsabakkjen og Fjellet godt merkte og rydda. Ein dugnadsgjeng med Svein Barmen i spissen har brukt godvêrsdagane denne våren til rydding og merking av råsene til Skjolden. I løpet av påska 2019 har det vore svært godt besøk på Skjolden. God tur!
Du kan støtte TV-aksjonen med å gje bidrag gjennom Barmøy bygdelag si digitale bøsse.
0TilhengararLik