Barmen spelar ei sentral rolle i musikkvideoen til "På ei øy" av Line Dybedal.
I starten ser vi dronefilm frå Ekrane på Røyset. Vidare ser vi ferja "Barmøy" segle fint mot Barmen. Musikkvideoen vert avslutta med solnedgang frå Bruna.
Line Dybedal seier til barmen.no at ho er glad for at ho fekk bruke filmklipp frå Barmen til denne musikkvideoen. Når ein...
Det er fleire sauer enn folk på Barmen denne påska også.
Barmen brukar å mangedoble folketalet kvar påske, men slik vart det ikkje denne og førre påske.
Barmen.no ynskjer alle ei god påske der ein er, og gler oss til normal påske igjen.
Trykk her for ferjeruter.
Ein kan no få kjøpt hyttetomt med naust og båtplass ved ferjekaia i Barmen. Nerlid hyttegrend består av totalt elleve tomter.
Det er Terje Vartdal og Frode Eide som står bak prosjektet, og gler seg over at ein no kan setje planane ut i livet. Om alt går etter planen, og interessa er til stades blant kjøparane, seier dei til...
Laurdag 25.05. er det klart for den store ferjefesten. Arrangør er Barmøy bygdelag i samarbeid med Barmøyferja AS. Arrangøren informerer:
For dei som kjem frå fastlandet: Ferja går til vanlig tid klokka16:30. Om de ikkje ynskjer å fylgje ferja tilbake til Barmen legg den til i Barmsund igjen etter ferjecruise, ca klokka 23:00.
I Barmen er de hjarteleg velkomne ombord frå...
Sjølv om Johanna Magdeli Pettersson Utvær (19) har jobba for gullvinnarar frå Bocuse d'Or og lært seg kokkekunst på høgt nivå, trivast Johanna aller best med å lage vegetarrettar med råvarer frå Barmen.
Dette seier Johanna i eit større portrettintervju som står i Aftenposten sitt magasin Mat fra Norge.
Johanna legg ikkje skjul på kvar ho kjem frå, og kvar interessen...
Søndag 30. juni ynskjer BARMEN velkomen til bygdevandring,
aktivitetar og og sosialt samvær i si bygd!
Barmen inviterer til bygde-bilkøyring med guidar rundt til alle bygdene
og kulturminna på øyna, ein kan låne sykkel og ta ein sykkeltur rundt
Fjellvatnet (ta med hjelm), prøve fiskelukka i vatnet (ta med fiskestang),
det blir vandring rundt Fjellvatnet, natursti for born og vaksne på Solstien
og topptur til...
Tove Måløy og Tor Ivar Østreng har tatt over drifta av Doktorgarden i Selje. Dette gjer at Barmøy Gjestehus ikkje held ope denne sesongen.
Slagordet til Barmøy Gjestehus er "tiden hviler middag". - No blir det Barmøy Gjestehus som kviler middag, seier Tove og Tor Ivar.
Tove og Tor Ivar skal framleis bu på Fjellet medan dei driftar Doktorgarden i Selje.
Vi...
Ferja er i normal drift etter eit planlagt verkstadbesøk 23.-25. april.
Måndag 23. april: Rutene 0650, 0735 og 0835 frå Barmen går som normalt. Rutene 0720 og 0800 frå Barmsund går som normalt med bilferja.
Resten av rutene vil gå med passasjerbåt etter vanleg rutetabell. Barmøyferja AS håpar at bilferja er i rute torsdag morgon eller tidlegare.
For spørsmål ta kontakt på...
Mellom Korsnes og Røyset står det ein bautastein med innskrevne runer. Ein har tidfesta innskrifta på runesteinen til år 400, og er med det av dei eldste i Sogn og Fjordane.
Runene er frå den eldre runerekkja, og dei lærde er usamde om tydinga. Runesteinen er no gjort meir synleg med skilt, og det er høve for kvar enkelt...
MF «Barmøy» har trufast sigla mellom Barmen og Barmsund sidan 2004, og med det blitt ein stor del av oppveksten til unge barmarar.
- Eg hugsar spesielt dei gongane vi leika gøymsel rundt om på heile ferja, seier Nora Wold Haugland (17). - Eg brukte alltid å gøyme meg under trappa. Det var den beste gøymeplassen på heile ferja, kjem...