Sjølv om Johanna Magdeli Pettersson Utvær (19) har jobba for gullvinnarar frå Bocuse d'Or og lært seg kokkekunst på høgt nivå, trivast Johanna aller best med å lage vegetarrettar med råvarer frå Barmen.
Dette seier Johanna i eit større portrettintervju som står i Aftenposten sitt magasin Mat fra Norge.
Johanna legg ikkje skjul på kvar ho kjem frå, og kvar interessen...
Påska 2020 blir ei annleis påske, også på Barmen. Det blir ikkje så mange påskegjester på Barmen denne påska.
Når ein ikkje kan reise til Barmen denne påska, så får ein heller oppleve Barmen virtuelt her på barmen.no. Vi vil ynskje alle ei god påske der de er! Vi gler oss til vi alle møtes på Barmen igjen.
https://vimeo.com/183098006
https://vimeo.com/182582527
https://vimeo.com/182312061
https://vimeo.com/182863684
https://vimeo.com/182894384
https://youtu.be/d8pqtZkPEuo
https://vimeo.com/197785278
https://vimeo.com/185690887
https://vimeo.com/278328299
https://vimeo.com/188706124
Det blir nokre endringar i ferjeruta i jule- og nyårshelga.
Julaftan går ferja etter ordinær rute med siste avgang frå Barmen klokka 16:10 og siste avgang frå Barmsund klokka 16:30. 25. og 26. desember går ferja etter søndagsruter. Nyårsaftan går ferja etter ordinær rute med siste avgang frå Barmen klokka 19:30 og siste avgang frå Barmsund klokka 20:10. 1. nyårsdag...
Toy Story 4 klokka 14:15. Fast & Furious klokka 17:00. I Grendahuset.
Kinotidene er tilpassa ferjerutene.
Ferje frå Barmsund til Barmen: kl. 13:30 og kl. 16:30
Ferje frå Barmen til Barmsund: kl. 16:10 og ca. kl. 20:00 (når filmen er ferdig)
https://youtu.be/9NTovqyeTSM
https://youtu.be/HZ7PAyCDwEg
Søndag 30. juni ynskjer BARMEN velkomen til bygdevandring,
aktivitetar og og sosialt samvær i si bygd!
Barmen inviterer til bygde-bilkøyring med guidar rundt til alle bygdene
og kulturminna på øyna, ein kan låne sykkel og ta ein sykkeltur rundt
Fjellvatnet (ta med hjelm), prøve fiskelukka i vatnet (ta med fiskestang),
det blir vandring rundt Fjellvatnet, natursti for born og vaksne på Solstien
og topptur til...
MF «Barmøy» har trufast sigla mellom Barmen og Barmsund sidan 2004, og med det blitt ein stor del av oppveksten til unge barmarar.
- Eg hugsar spesielt dei gongane vi leika gøymsel rundt om på heile ferja, seier Nora Wold Haugland (17). - Eg brukte alltid å gøyme meg under trappa. Det var den beste gøymeplassen på heile ferja, kjem...
Laurdag 25.05. er det klart for den store ferjefesten. Arrangør er Barmøy bygdelag i samarbeid med Barmøyferja AS. Arrangøren informerer:
For dei som kjem frå fastlandet: Ferja går til vanlig tid klokka16:30. Om de ikkje ynskjer å fylgje ferja tilbake til Barmen legg den til i Barmsund igjen etter ferjecruise, ca klokka 23:00.
I Barmen er de hjarteleg velkomne ombord frå...
Barmøy bygdelag inviterer til feiring av nasjonaldagen i grendahuset klokka 1400.
Det blir leikar, stafettar, fine premiar, sal av is og pølser.
Ta gjerne med eit fat med mat til felles matbord. Kaffi og brus vert å få kjøpt.
Velkomen til feiring på Barmen.
17. mai går ferja etter søndagsruter.
Barmen spelar ei sentral rolle i musikkvideoen til "På ei øy" av Line Dybedal.
I starten ser vi dronefilm frå Ekrane på Røyset. Vidare ser vi ferja "Barmøy" segle fint mot Barmen. Musikkvideoen vert avslutta med solnedgang frå Bruna.
Line Dybedal seier til barmen.no at ho er glad for at ho fekk bruke filmklipp frå Barmen til denne musikkvideoen. Når ein...
No er stiane til Skjolden frå både Kåsabakkjen og Fjellet godt merkte og rydda.
Ein dugnadsgjeng med Svein Barmen i spissen har brukt godvêrsdagane denne våren til rydding og merking av råsene til Skjolden.
I løpet av påska 2019 har det vore svært godt besøk på Skjolden.
God tur!