Det vert tradisjonell juletrefest i Grendahuset fredag 27. desember klokka 17:00.
Det vert både julesong og juletregong. Kanskje kjem nissen??
Ferjeruter finn du her!
Klokka 20:30 blir det juletrefotfest!
Søndag 27. oktober kl. 14 inviterer Barmøy bygdelag til den årlege basaren i grendahuset.
Vi kan love fine gevinstar, kaffi, nydelig kaffimat og godt selskap.
Gevinstar vert tekne i mot med takksemd. Ta gjerne med eit fat med mat.
Velkomen til basar!
Her kan du sjå meir av det som skjer på Barmen i haust.
Oktober:
Ein dag i oktober
- FERJEFEST for nyeferja. Dato kjem seinare
Søndag 27.oktober
- BASAR kl 14:00, flotte gevinstar, nydelig kaffimat og godt selskap
November:
Søndag 17. november
- SØNDAGSMIDDAG kl 14:00
Desember:
Laurdag 7. desember
- JULEBORD - Sjå meir her
Velkomen til Barmen i haust!
https://vimeo.com/188706124
Sett av datoen 7. desember. Då ynskjer vi velkomne til tradisjonelt julebord i grendahuset på Barmen.
Det diskast opp med pinnekjøt og mykje anna julegodt .
Påmelding på sms til Frøydis på telefon 98446705 eller mail froydis.vagstad@gmail.com innan 1. desember.
Nøl ikkje, meld deg på allereie i dag, så får du all den informasjonen du treng etter kvart.
Kanskje kan denne filmen hjelpe litt...
Barmøy bygdelag inviterer til kulturkveld i Grendahuset laurdag 14. september kl. 18:00.
Vi serverar hjortegryte med tilbehør og dessert til kr. 150,-
Det blir blant anna utstilling av gamle handarbeid.
Håpar mange tek turen til ein hyggeleg kveld med mimring og historiar frå ei svunnen tid.
Påmelding til Audny på telefon 93052923 innan 7. september.
Heile 80 personar trassa regnet og kom til Barmen på bygdevandring 30.06.2019.
Arrangementet var ein del av Stadar i Stad sitt turprogram, og lokal arrangør var Barmøy bygdelag.
Då ferja kom over til fastlandet var heile ferjekaia smekkfull av bilar og spente bygdevandrarar. Ferja sende med ein gong melding til grendahuset at her måtte ein berre førebu seg til storinnrykk. Ferja...
Sjølv om det var langt frå rekord på deltakarar, vart toget likevel å rekne som langt, takka vere eit godt rykk frå flaggborga.
Dei siste åra har toget starta opp ved Grendahuset, gått bort til krysset, snudd og gått tilbake til Grendahuset. Dette var tilfelle i år også, men denne gongen på endå betre underlag. Dette var nok ei medverkande...
17. mai 2018 vart markert i grendahuset med godt besøk, god mat, god stemning og særdeles god innsats under tevlingane.
Barmøy bygdelag inviterer til feiring av nasjonaldagen i grendahuset klokka 1400.
Det blir leikar, stafettar, sal av is og pølser.
Bygdelaget ber om at ein tek med mat til felles matbord. Kaffi og brus vert å få kjøpt.
Velkomen til feiring på Barmen.
17. mai går ferja etter søndagsruter.
Her kan du mimre tilbake til feiringa 2013:
https://www.youtube.com/watch?v=U04F71gKvZI
12. april 2018 arrangerte Barmøy grunneigarlag førstehjelpskurs og kurs i bruk av hjartestartar. Kurshaldarar var Marie Vikene Berge og Janne Lunde i Ambulansetenesta i Selje.
Her kan de lese om då Barmøyferja spelte hovudrolla i ei storøving for politi, ambulanse og brann.
Lenkje til video som viser korleis ein brukar hjartestartar.