2. desember 2021

Hausten på Barmen

Oktober: Ein dag i oktober - FERJEFEST for nyeferja. Dato kjem seinare Søndag 27.oktober - BASAR kl 14:00, flotte gevinstar, nydelig kaffimat og godt selskap November: Søndag 17. november - SØNDAGSMIDDAG kl 14:00 Desember: Laurdag 7. desember - JULEBORD - Sjå meir her Velkomen til Barmen i haust! https://vimeo.com/188706124

Julebord på Barmen

Sett av datoen 7. desember. Då ynskjer vi velkomne til tradisjonelt julebord i grendahuset på Barmen. Det diskast opp med pinnekjøt og mykje anna julegodt . Påmelding på sms til Frøydis på telefon 98446705 eller mail froydis.vagstad@gmail.com innan 1. desember. Nøl ikkje, meld deg på allereie i dag, så får du all den informasjonen du treng etter kvart. Kanskje kan denne filmen hjelpe litt...
-Øya Barmen er ei eksotisk perle i Stad kommune, seier den politiske leiinga i Stad kommune. Fredag 17. juli 2020 kom varaordførar Siri Sandvik og ordførar Alfred Bjørlo på besøk til Barmen. Den politiske leiinga er for tida på ein turné i Stad kommune for å få innspel til samfunnsdelen til kommuneplanen. Begge har vore på Barmen tidlegare, men har...
Styret i Barmøy bygdelag hadde 15.11.2020 trekning av den digitale basaren. Vi gratulerer vinnarane og takkar alle som har tatt lodd og sponsa gevinstar. BOK 1 Støveltørkar: nr 137, Astrid Barmen Vifteomn: nr 164, Sigbjørn Røyset Lyslykt: nr 52, Sigurd Nesse Fiskestang: nr 120, Tor Evjen BOK 2 2 ulltrøyer: 211, Gudfinna Solvåg Steikepanne: 315, Kariann Fagerli 2 handdukar: 231, Frøydis Vagstad Drill: 238, Norunn Solvåg BOK 3 2 puter: nr...

Basar i grendahuset

Søndag 27. oktober kl. 14 inviterer Barmøy bygdelag til den årlege basaren i grendahuset. Vi kan love fine gevinstar, kaffi, nydelig kaffimat og godt selskap. Gevinstar vert tekne i mot med takksemd. Ta gjerne med eit fat med mat. Velkomen til basar! Her kan du sjå meir av det som skjer på Barmen i haust.
0TilhengararLik