21. september 2023
Fredag 17.07. klokka 18:00 kjem ordførar Alfred Bjørlo og varaordførar Siri Sandvik til Barmøy grendahus. Besøket er ein del av rundturen til ordførar og varaordførar i Stad kommune. Dei to er interessert i høyre kva folket på Barmen har av innspel til kommuneplanen sin samfunnsdel. Alle er velkomne til å kome med spørsmål og...
Flaggborga heldt god fart, og med det vart det mange luker i toget 17. mai 2020. Sjølv om den tradisjonelle markeringa av nasjonaldagen var avlyst, samlast likevel ein liten gjeng ihuga toggjengarar seg ved grendahuset på nasjonaldagen. Smittevern i fokus Ein av fordelane med å vere så få fastbuande er at vi greier å halde oss innanfor gjeldande smittevernreglar, også når det...
Søndag 23. februar klokka 14:00 inviterer bygdelaget til søndagsmiddag i grendahuset . Det vert servert tradisjonell kjøttkakemiddag og fastelavensbollar til kaffien. Påmelding til telefonnummer 911 02 779. Pris er kr. 150,-. Alle velkomne!
Det er årsmøte i Barmøy Grunneigarlag søndag 16. februar klokka 14:00. Møtet vert halde i Barmøy grendahus.
Frost2 klokka 14:15. Tunnelen klokka 17:00. I Grendahuset. Kinotidene er tilpassa ferjerutene. Ferje frå Barmsund til Barmen: kl. 13:30 og kl. 16:30 Ferje frå Barmen til Barmsund: kl. 16:10 og når siste filmen er ferdig. Lenkje til bygdekinoen https://www.youtube.com/watch?v=M_QCVWl_mu4 https://www.youtube.com/watch?v=9_s2vAAlrYI
Det vert tradisjonell juletrefest i Grendahuset fredag 27. desember klokka 17:00. Det vert både julesong og juletregong. Kanskje kjem nissen?? Ferjeruter finn du her!   Klokka 20:30 blir det juletrefotfest!

Basar i grendahuset

Søndag 27. oktober kl. 14 inviterer Barmøy bygdelag til den årlege basaren i grendahuset. Vi kan love fine gevinstar, kaffi, nydelig kaffimat og godt selskap. Gevinstar vert tekne i mot med takksemd. Ta gjerne med eit fat med mat. Velkomen til basar! Her kan du sjå meir av det som skjer på Barmen i haust.

Hausten på Barmen

Oktober: Ein dag i oktober - FERJEFEST for nyeferja. Dato kjem seinare Søndag 27.oktober - BASAR kl 14:00, flotte gevinstar, nydelig kaffimat og godt selskap November: Søndag 17. november - SØNDAGSMIDDAG kl 14:00 Desember: Laurdag 7. desember - JULEBORD - Sjå meir her Velkomen til Barmen i haust! https://vimeo.com/188706124

Julebord på Barmen

Sett av datoen 7. desember. Då ynskjer vi velkomne til tradisjonelt julebord i grendahuset på Barmen. Det diskast opp med pinnekjøt og mykje anna julegodt . Påmelding på sms til Frøydis på telefon 98446705 eller mail froydis.vagstad@gmail.com innan 1. desember. Nøl ikkje, meld deg på allereie i dag, så får du all den informasjonen du treng etter kvart. Kanskje kan denne filmen hjelpe litt...
Barmøy bygdelag inviterer til kulturkveld i Grendahuset laurdag 14. september kl. 18:00. Vi serverar hjortegryte med tilbehør og dessert til kr. 150,- Det blir blant anna utstilling av gamle handarbeid. Håpar mange tek turen til ein hyggeleg kveld med mimring og historiar frå ei svunnen tid. Påmelding til Audny på telefon 93052923 innan 7. september.
0TilhengararLik