16. oktober 2021
Barmøy bygdelag inviterer til kulturkveld i Grendahuset laurdag 14. september kl. 18:00. Vi serverar hjortegryte med tilbehør og dessert til kr. 150,- Det blir blant anna utstilling av gamle handarbeid. Håpar mange tek turen til ein hyggeleg kveld med mimring og historiar frå ei svunnen tid. Påmelding til Audny på telefon 93052923 innan 7. september.
Klokka 06:45 spelte Kariann Myklebust Fagerli opp til trekkspelkonsert på ferja. Seinare på dag vart også Alfred Myklebust (song) og Ottar Nygård (trekkspel) med i samspelet. Konsertane på M/F Barmen er ein del av festivalen Spel norsk i Stad. Den første konserten vart gjennomført på ferjeavgangen frå Barmen klokka 06:45. Sjølv om det var tidleg var det relativt godt oppmøte. Som...
Oktober: Ein dag i oktober - FERJEFEST for nyeferja. Dato kjem seinare Søndag 27.oktober - BASAR kl 14:00, flotte gevinstar, nydelig kaffimat og godt selskap November: Søndag 17. november - SØNDAGSMIDDAG kl 14:00 Desember: Laurdag 7. desember - JULEBORD - Sjå meir her Velkomen til Barmen i haust! https://vimeo.com/188706124
Barmøy bygdelag arrangerar digital basar i år sidan vi ikkje kan ha vår tradisjonelle basar i grendahuset. Vi sel lodd frå no og til og med 14. november. Trekninga skjer 15. november og vinnarane vert annonsert på nettsida vår og på facebooksida vår. Du kan ta lodd ved å sende ein sms til leiar i bygdelaget på tlf 911 02...
Søndag 27. oktober kl. 14 inviterer Barmøy bygdelag til den årlege basaren i grendahuset. Vi kan love fine gevinstar, kaffi, nydelig kaffimat og godt selskap. Gevinstar vert tekne i mot med takksemd. Ta gjerne med eit fat med mat. Velkomen til basar! Her kan du sjå meir av det som skjer på Barmen i haust.
Styret i Barmøy bygdelag hadde 15.11.2020 trekning av den digitale basaren. Vi gratulerer vinnarane og takkar alle som har tatt lodd og sponsa gevinstar. BOK 1 Støveltørkar: nr 137, Astrid Barmen Vifteomn: nr 164, Sigbjørn Røyset Lyslykt: nr 52, Sigurd Nesse Fiskestang: nr 120, Tor Evjen BOK 2 2 ulltrøyer: 211, Gudfinna Solvåg Steikepanne: 315, Kariann Fagerli 2 handdukar: 231, Frøydis Vagstad Drill: 238, Norunn Solvåg BOK 3 2 puter: nr...
Sett av datoen 7. desember. Då ynskjer vi velkomne til tradisjonelt julebord i grendahuset på Barmen. Det diskast opp med pinnekjøt og mykje anna julegodt . Påmelding på sms til Frøydis på telefon 98446705 eller mail froydis.vagstad@gmail.com innan 1. desember. Nøl ikkje, meld deg på allereie i dag, så får du all den informasjonen du treng etter kvart. Kanskje kan denne filmen hjelpe litt...
Fredag 27.11. var det julegrankveikjing på ferjekaia. For første gong utan ferjeprodusert gløgg. Det vart ei svært hyggeleg stund på ferjekaia med både peparkaker, klementinar, kaffi og gløgg. Alle tidlegare år har gløggen blitt produsert på ferja på rutefart mellom Barmsund og Barmen, men no er det nye tider med med ny ferje utan bysse. Difor vart det ikkje Linie-gløgg som...
Det vert tradisjonell juletrefest i Grendahuset fredag 27. desember klokka 17:00. Det vert både julesong og juletregong. Kanskje kjem nissen?? Ferjeruter finn du her! Klokka 20:30 blir det juletrefotfest!
0TilhengararLik