30. mars 2023
Barmøy bygdelag inviterer til kulturkveld i Grendahuset laurdag 14. september kl. 18:00. Vi serverar hjortegryte med tilbehør og dessert til kr. 150,- Det blir blant anna utstilling av gamle handarbeid. Håpar mange tek turen til ein hyggeleg kveld med mimring og historiar frå ei svunnen tid. Påmelding til Audny på telefon 93052923 innan 7. september.
Barmøy bygdelag inviterer til den årlege basaren i grendahuset søndag 30.10. klokka 14. I år inviterer Barmøy bygdelag til både fysisk og digital basar, med høve til å ta lodd frå fredag 14.10 og til søndag 30.10. kl 12. Dei som kjem på basaren kan likevel kjøpe fleire lodd der. Du kan ta lodd ved å sende ein sms til...
Det er årsmøte i Barmøy Grunneigarlag søndag 16. februar klokka 14:00. Møtet vert halde i Barmøy grendahus.
Barmøy bygdelag inviterer til basar og kveldssamling i grendahuset laurdag 6. november frå kl. 17. I år inviterer Barmøy bygdelag til både fysisk og digital basar, med høve til å ta lodd frå søndag 31.10. til laurdag 6. november, kl. 17. Du kan ta lodd ved å sende ein sms til leiar i bygdelaget på tlf 911 02 779, der...
Heile 80 personar trassa regnet og kom til Barmen på bygdevandring 30.06.2019. Arrangementet var ein del av Stadar i Stad sitt turprogram, og lokal arrangør var Barmøy bygdelag. Då ferja kom over til fastlandet var heile ferjekaia smekkfull av bilar og spente bygdevandrarar. Ferja sende med ein gong melding til grendahuset at her måtte ein berre førebu seg til storinnrykk. Ferja...
Det kom inn 17.876 kroner på basaren til Barmøy bygdelag 30. oktober. Bygdelaget vil takke for gevinstar og alle som kjøpte lodd, både fysisk og digitalt. Gratulerer til alle vinnarane:

Hjelpa er nær

12. april 2018 arrangerte Barmøy grunneigarlag førstehjelpskurs og kurs i bruk av hjartestartar. Kurshaldarar var Marie Vikene Berge og Janne Lunde i Ambulansetenesta i Selje. Her kan de lese om då Barmøyferja spelte hovudrolla i ei storøving for politi, ambulanse og brann. Lenkje til video som viser korleis ein brukar hjartestartar.  
Fredag 17.07. klokka 18:00 kjem ordførar Alfred Bjørlo og varaordførar Siri Sandvik til Barmøy grendahus. Besøket er ein del av rundturen til ordførar og varaordførar i Stad kommune. Dei to er interessert i høyre kva folket på Barmen har av innspel til kommuneplanen sin samfunnsdel. Alle er velkomne til å kome med spørsmål og...
Sjølv om det var langt frå rekord på deltakarar, vart toget likevel å rekne som langt, takka vere eit godt rykk frå flaggborga. Dei siste åra har toget starta opp ved Grendahuset, gått bort til krysset, snudd og gått tilbake til Grendahuset. Dette var tilfelle i år også, men denne gongen på endå betre underlag. Dette var nok ei medverkande...
Klokka 06:45 spelte Kariann Myklebust Fagerli opp til trekkspelkonsert på ferja. Seinare på dag vart også Alfred Myklebust (song) og Ottar Nygård (trekkspel) med i samspelet. Konsertane på M/F Barmen er ein del av festivalen Spel norsk i Stad. Den første konserten vart gjennomført på ferjeavgangen frå Barmen klokka 06:45. Sjølv om det var tidleg var det relativt godt oppmøte. Som...
0TilhengararLik