Barmøy bygdelag arrangerar digital basar i år sidan vi ikkje kan ha vår tradisjonelle basar i grendahuset.
Vi sel lodd frå no og til og med 14. november. Trekninga skjer 15. november og vinnarane vert annonsert på nettsida vår og på facebooksida vår.
Du kan ta lodd ved å sende ein sms til leiar i bygdelaget på tlf 911 02...
Klokka 06:45 spelte Kariann Myklebust Fagerli opp til trekkspelkonsert på ferja. Seinare på dag vart også Alfred Myklebust (song) og Ottar Nygård (trekkspel) med i samspelet.
Konsertane på M/F Barmen er ein del av festivalen Spel norsk i Stad.
Den første konserten vart gjennomført på ferjeavgangen frå Barmen klokka 06:45. Sjølv om det var tidleg var det relativt godt oppmøte. Som...
-Øya Barmen er ei eksotisk perle i Stad kommune, seier den politiske leiinga i Stad kommune.
Fredag 17. juli 2020 kom varaordførar Siri Sandvik og ordførar Alfred Bjørlo på besøk til Barmen. Den politiske leiinga er for tida på ein turné i Stad kommune for å få innspel til samfunnsdelen til kommuneplanen. Begge har vore på Barmen tidlegare, men har...
Fredag 17.07. klokka 18:00 kjem ordførar Alfred Bjørlo og varaordførar Siri Sandvik til Barmøy grendahus.
Besøket er ein del av rundturen til ordførar og varaordførar i Stad kommune. Dei to er interessert i høyre kva folket på Barmen har av innspel til kommuneplanen sin samfunnsdel. Alle er velkomne til å kome med spørsmål og...
Flaggborga heldt god fart, og med det vart det mange luker i toget 17. mai 2020.
Sjølv om den tradisjonelle markeringa av nasjonaldagen var avlyst, samlast likevel ein liten gjeng ihuga toggjengarar seg ved grendahuset på nasjonaldagen.
Smittevern i fokus
Ein av fordelane med å vere så få fastbuande er at vi greier å halde oss innanfor gjeldande smittevernreglar, også når det...
Søndag 23. februar klokka 14:00 inviterer bygdelaget til søndagsmiddag i grendahuset .
Det vert servert tradisjonell kjøttkakemiddag og fastelavensbollar til kaffien.
Påmelding til telefonnummer 911 02 779. Pris er kr. 150,-.
Alle velkomne!
Det er årsmøte i Barmøy Grunneigarlag søndag 16. februar klokka 14:00. Møtet vert halde i Barmøy grendahus.
Frost2 klokka 14:15. Tunnelen klokka 17:00. I Grendahuset.
Kinotidene er tilpassa ferjerutene.
Ferje frå Barmsund til Barmen: kl. 13:30 og kl. 16:30
Ferje frå Barmen til Barmsund: kl. 16:10 og når siste filmen er ferdig.
Lenkje til bygdekinoen
https://www.youtube.com/watch?v=M_QCVWl_mu4
https://www.youtube.com/watch?v=9_s2vAAlrYI
Det vert tradisjonell juletrefest i Grendahuset fredag 27. desember klokka 17:00.
Det vert både julesong og juletregong. Kanskje kjem nissen??
Ferjeruter finn du her!
Klokka 20:30 blir det juletrefotfest!
Søndag 27. oktober kl. 14 inviterer Barmøy bygdelag til den årlege basaren i grendahuset.
Vi kan love fine gevinstar, kaffi, nydelig kaffimat og godt selskap.
Gevinstar vert tekne i mot med takksemd. Ta gjerne med eit fat med mat.
Velkomen til basar!
Her kan du sjå meir av det som skjer på Barmen i haust.