Øya Barmen ligg i flott vestlandsnatur på 62. breiddegrad i Selje kommune, ytst i Nordfjord, mellom den mektige Stadhalvøya og storhavet i vest. Barmen har ein natur som kombinerer hav og fjell. Her er det korte avstandar frå eit hav rikt på fisk til flott turterreng i fjellet.

I tillegg har Barmen eit levande bygdesamfunn der alle dreg i lag, ung som gammal. I løpet av året vert det arrangert juletrefest, basar, julebord, temafestar, kafèar med meir, der alle deltek på den eine eller andre måten. Den beste måten på å oppleve øya på, er å bu her.

Eigendomar til sals på Barmen

Nerlid Hyttegrend. Hyttetomter ved sjøen. Gå til annonsa