|

|
|
barmen.no: Håvar Fagerli, 19.03.2006
|
|
Laurdag 11. mars var det igjen tid for eit etterlengta besøk av bokbåten Epos. Med seg på turen hadde Epos med seg eit reportasjelag frå Magasinet på TV 2. Jungeltelegrafen hadde gått om dette ekstraordinære besøket, men det skremde ikkje barmarane. Fleire av barmarane er blitt profilert før, både i fjernsynskjøken, kokebøker, ja til og med reklamefilmar. Det vart såleis ein god gjeng som kunne late seg underhalde og byte ut vinterlektyra på denne flotte laurdagen
|
 |
|

|
Det var ikkje berre TV 2 som følgde med bokbåten, men også Berta Ert og fire erter. Berta Ert fann ertene rundt om i bokbåten, og hausta mykje latter frå dei 13 ungane som følgde engasjert med. Berta Ert vart spelt av Inger Bakke, og kjem frå Ålesund. Ho er utdanna frå Bergen Teaterhøgskule og Arts Ed London. Ho har tidlegare vore med bokbåten, men då berre i Møre og Romsdal.
|
|
Det er eit godt utval av bøker på bokbåten, men det skal likevel litt til før ein kan tilfredstille lånebehovet til både ein sagfører og jurist. Ein kan difor få bestille bøker som vert sendt til lånaren frå fylkesbiblioteket.
I tillegg styrer Tor Evjen den lokale filialen av bokbåten. Her kan ein levere inn bøker ein er ferdig med og låne nye som andre har levert inn.
Når ein ser på antal bøker som kjem i land etter eit bokbåtbesøk, kan ein konstantere at barmarane ikkje er med å drage ned lesestatestikken i landet.
|

|
 |
Dei som såg magasinet på TV 2 laurdag 18.01. kunne sjå ein flott representant frå Barmen og bokbåten svare godt for seg i beste sendetid. Odd Henrik kunne fortelje om kor viktig tilbodet er, og kvifor det er lurt å lese bøker. Han sa også at det var seks månader mellom kvart besøk av Epos, men det var vel verdt ventetida.
Dei som ikkje har sett innslaget kan gå inn på http://pub.tv2.no/TV2/video/. Finne "programmer" og "magsiner og klipp". Ein må registrere seg før ein kan sjå dette.
|
|
| Sjå frå bokbåtbesøk våren 05 |
|
Tilbake |
|
|