|
Fredag 3. september 2010 såg ut til å bli ein heilt normal
arbeidsdag om bord på ferja ”Barmøy”. Bjørn stod som vanleg framme i baugen då
ferja skulle legge til ved Barmsund på første ruta.
Framme ved kaia skimta
Bjørn nokre krusingar i den stille sjøen. Ferja kom nærare, og den ivrige
fiskaren fekk då stadfesta det han trudde. Heilt inne med land i Barmsund sumde
ein stor laks. Bjørn kika nærare etter, og forstod at grunnen til at fisken
oppførte seg slik var at han var hardt angripen av lakselus.
Ferja returnerte
til Barmen, og Bjørn henta fiskestonga, som stort sett alltid ligg klar i bilen. Laksen
hadde ikkje flytta seg mykje då ferja kom attende til Barmsund. Ferja la til
kai, og Bjørn tok med seg stonga i land. Fisken ville ikkje bite på agn, men
Bjørn var ikkje rådlaus. Han festa ein makkekrok i enden av stonga, og kasta
mot laksen. Kroken klora seg fast i laksen, og fisken var dregen i land med
erfarne fiskenevar.
Bjørn kunne då returnere til Barmen med ferja med ein laks
på heile 7,9 kg. Bjørn fortel til barmen.no at laksen var hardt råka av lus i
hovudet, men var likevel godt etande. Fisken vart denne dagen fri frå pinsla,
og Bjørn vart ein god røykelaks rikare. Dette må vel kunne kallast ein god dag
på jobben.
|