Barmøyferja spelte hovudrolla som skadestad då naudetatane frå Selje, Vanylven, Eid og Stryn gjennomførte ei storøving i Selje 8. februar 2017.

På naudradion kom det melding om at Barmøyferja hadde mista styringa og grunnstøytt med stor fart. Det var fleire skadde ombord og i samanstøyten tok det til å brenne under dekk. Ein dramatisk situasjon, men heldigvis berre eit øvingsscenario.

Barmøyferja med mannskap var spurde av Selje brannvern om å spele skadestad under øvinga, som er den første av sitt slag i regionen. Barmøyferja kombinerte dette med si eiga øving, og i tillegg fekk både politi, brannvern og helse kjennskap til ferja. Så dette var ein vinn-vinn-situasjon.

Det var godt med røyk i salongen under øvinga. Det kunne sjå ut som vi var tilbake til tida med røykesalong ombord. (Foto: Håvar Fagerli)

Grunnstøyting

Øvinga gjekk føre seg ved kaia til Selje trevare, og over 30 personar frå politi, brannvern og helse deltok i øvelsen. Ombord i ferja var det plassert to bilar, der det låg skadde personar. Ut av  ferja kom det kvit røyk frå ei røykmaskin. Og heile tida ula brannalarmen ombord i ferja. Uhyggeleg om dette hadde vore ein reell situasjon, men det var likevel godt å sjå kor dyktige alle aktørane er om uhellet skulle vere ute.

Sjølve øvelsen var leia av kyndige instruktørar frå Stiftinga Norsk Luftambulanse. Dei fortel til barmen.no at øvelsen har fokus på effektiv leiing og kommunikasjon dei første minutta på ein skadestad. Kurset inngår i TAS, Tverretatleg Akuttmedisinsk Samarbeid, og trenar personell frå både helse, politi og brannvern på å vere skadestadsleiar.

Det var rullering mellom politi, brannvern og helse på å vere først til skadestaden, og etter kvar sekvens samlast alle til evaluering og erfaringsutveksling. (Foto: Håvar Fagerli)

Godt budde om uhellet er ute.

Barmen.no sin utsende kan forsikre alle framtidige passasjerar av Barmøyferja og alle andre, at både mannskap og alle naudetatar ser ut til å takle eit eventuelt  uhell svært bra. Ein kan også merke seg at Barmøyferja no er blant dei mest gjennomøvde bilferjene i regionen. Så det betyr at ein trygt kan ta ferja til Barmen.

Mannskapet på ferja bidrog med fleire innspel til instruktørane frå Norsk Luftambulanse. (Foto: Håvar Fagerli)

Under finn de video og fleire foto frå øvinga:

Matros Tor Ivar Østreng oppteken med evakuering frå ferja. (Foto: Håvar Fagerli)
Medan nokon var i aksjon med leiing og redning, kunne andre følgje med frå sidelinja medan dei venta på sin tur. (Foto: Håvar Fagerli)
Ambulansepersonellet kom først til skadestaden denne gongen, og leia aksjonen med stødig hand frå land. (Foto: Håvar Fagerli)
Røykdykkarane frå Selje Brannvern gjennomsøkte ei røykfylt ferje. (Foto: Håvar Fagerli)
Eit godt døme på det gode samarbeidet. (Foto: Håvar Fagerli)
Ei av utfordringane var å få skadde personar ut av bilane. (Foto: Håvar Fagerli)
Brannvesenet i Eid og Selje samarbeider godt allereie. Are Haavard Fagerli og Geir Petter Hatlenes. (Foto: Håvar Fagerli)
Barmøyferja fekk også øvd på utsetjing av redningsflåten. (Foto: Håvar Fagerli)
Alltid klar til innsats. (Foto: Håvar Fagerli)
Legen prioriterte dei skadde, og kva rekkjefølgje dei skal arbeidast med. På ein skadestad gjeld det å handle raskt og i rett rekkjefølgje. (Foto: Håvar Fagerli)
Dagleg leiar ved Barmøyferja AS, Stig Evjen (bak), deltok også på øvinga. (Håvar Fagerli)
Tverrfagleg erfaringsutveksling. (Foto: Håvar Fagerli)