I romjula overtek den elektriske ferja «Barmen» sambandet Barmen-Barmsund. Den 49 år eldre ferja «Barmøy» vil halde fram som reserveferje.
Det er moderne og banebrytande teknologi som no ligg side om side med trufast og godt røynd maskineri ved ferjekaia i Barmen.
Den elektriske ferja «Barmen» er den første bilferja av sitt slag i verda, og er no snart klar til å starte jobben med å frakte bilar og passasjerar mellom Barmen og fastlandet. «Barmen» er bygd av Måløy Verft AS på oppdrag av reiarlaget Vidar Hop Skyssbåter AS.
«Barmen» osar av moderne design og funksjonalitet, og er teikna av Easyform AS i samarbeid med eigaren Vidar Hop Skyssbåter AS
Under utforming av ferja har reiarlaget lagt stor vekt på at ferja skal vere nyskapande i design, funksjon og framdrift.

Sidan det er så mykje ny teknologi med «Barmen», har det gått litt meir tid til produksjon, testing og innkøyring enn planlagt.
Gamleferja «Barmøy» (bygd i 1970) skal framleis ligge til kai ved øya, og tene som reserveferje. Så då vart det likevel ikkje eit endeleg farvel med «Barmøy» etter den store ferjefesten i sommar.
Då er det berre å ta ein romjulstur til Barmen med ei heilt unik ferje, på den ein eller andre måten. Ferjerutene finn du her.