-Øya Barmen er ei eksotisk perle i Stad kommune, seier den politiske leiinga i Stad kommune.
Fredag 17. juli 2020 kom varaordførar Siri Sandvik og ordførar Alfred Bjørlo på besøk til Barmen. Den politiske leiinga er for tida på ein turné i Stad kommune for å få innspel til samfunnsdelen til kommuneplanen. Begge har vore på Barmen tidlegare, men har ikkje sett heile øya. Difor gav Barmøy bygdelag dei to ein guida rundtur på øya før det offisielle møtet i grendahuset.
– Spennande kulturminne
Alfred Bjørlo skriv på si Facebookside:
«Øya Barmen er ei eksotisk perle i Stad kommune. Du må ta ei flunkande ny elektrisk ferje for å kome over – då openberer det seg ei svær øy med varierte bygder, flotte friluftsområde og spennande kulturminne – mellom anna den einaste bevarte runesteinen i Stad kommune.»
Runesteinen i Røysetstranda var ein naturleg stopp på den guida rundturen. Runesteinen er tidfesta til år 400, og det er fleire tolkingar av det som står på steinen. De kan lese meir om runesteinen her.

Ordføraren og varaordføraren fekk besøkje alle dei fire bygdene på den nesten ni kvadratkilometer store øya, Røyset, Barmen, Fjellet og Vikja. Her kan de sjå dronefilm frå kvar av dei fire bygdene.
Ein rekk ikkje å sjå alt på ei kort omvisning. Blant anna fekk ein ikkje sett Solstien – Tursti med både kunst og utsyn.
– Ståpåvilje og framtidstru
Etter å ha sett seg rundt på Barmen var det invitert til bygdemøte i grendahuset. Tema for møtet var samfunnsdelen til kommuneplanen til Stad kommune. Her kom det fram fleire innspel som ordføraren og varaordføraren ville ta med seg vidare.
– Av ca 30 faste innbyggjarar kom over 20 på bygdemøte for å snakke med oss på grendahuset ein fredagskveld kl 18 – breiddfulle av ståpåvilje, framtidstru og verkeleg skarpe og gode innspel til korleis vi kan byggje ei endå betre kommune, seier Alfred Bjørlo.

Under møtet var ein innom fleire tema. Blant anna turisme, næringsutvikling, rekruttering, kollektivtransport, arbeidsplassar, forvaltning av kommunale bygg og eigedommar, fritidstilbod og Barmen som friluftsområde og vertskap for besøkjande.
Applaus for initiativet
Deltakarane på bygdemøtet kom også med godord til Alfred Bjørlo og Siri Sandvik som reiste rundt og besøkte kvar grend i den langstrakte kommunen.
Folket på Barmen takka for møtet og besøket, og gav Siri Sandvik og Alfred Bjørlo ein god applaus for initiativet til besøket og interessen dei viser for Barmen.
Kommuneplan
Alle kan kome med innspel til kommuneplanen sin samfunnsdel. De kan lese meir om dette på Stad kommune sine nettsider.