| Barmadagen
2003 starta klokka 1300 med fiskekonkurranse og rebusløp. Det
kunne sjå mørkt ut for veret ei stund , men etter at det dala nokre få
regndropar ned på oss var det nok, og det vart ein fin og varm dag på
Barmøy for dei om lag 150 som var innom Barmadagen.
Fiskekonkurranse
Fiskekonkurransen starta med eit kraftig bilhorn som
ljoma utover heile Fjellvatnet. Her skulle alle starte på likt. Alle
dei 13 fiskarane kasta då snøret uti. Skal ein få den største fisken
må ein ha det rette agnet. Det vart prøvd med både ringblomar og lyng
i tillegg til dei tradisjonelle slukane og spinnarane.
Presis klokka 1530 høyrest det tuting frå bilar over Fjellvatnet
igjen, konkurransen var ferdig og ein kunne ta fram den elektroniske
vekta som vog kvart einaste gram av fangsten. Etter svært nøyaktig
veging kunne endeleg resultatata offentleggjerast. Det var premiering
for både størst fisk og størst fangst i ei barneklasse (under 16 år)
og ei vaksenklasse (over 16 år.) Premiane til fiskekonkuransen var
levert av A/S Fiskevegn, Selje Samvirkelag, KIWI Måløy og Kaibutikken.
Vinnaren i vaksenklassa i begge kategoriar vart Simon Sas med ein samla
fangst på 3510 gram der den største fisken vog 690 gram. I
barneklassa gjekk også begge premiane til same person; Guro Tophol som fekk ein
fisk som vog 330 gram og ein samla fangst på 580 gram. Den eine
premien
Guro vann
var ei kasse brus. Så var det berre å setje i gong med feiringa.
Rebusløp
Dei som ikkje ville fiske hadde sjansen til å få seg
ein trimtur rundt Fjellvatnet. På vegen fekk ein også trimme
hjernecellene, for jamnleg hang det utfordringar for dei små grå til
både store og dei yngre deltakararane. I tillegg kunne dei som
ville få ekstra fysiske utfordringar ta turen om Bruna frå Nesjane.
Her kunne ein oppleve flott natur og ei fantastisk utsikt mot Stad og ope hav.
Vel tilbake i Grendahuset kunne ein unne seg både brus, kaffi, is og
nysteikte vafler frå kiosken. I vaksenklassa var det Norunn
Solheim Solvåg som vann ein drill levert frå Byggern i Selje. I
barneklassa vann Petter Volle Myklebust fiskeutstyr frå G-Sport i
Måløy.
Grillbuffet
Etter preimieutdelinga var kokkane Egil Myklebust,
Bjørn Wold og Kjell Hagelid klar til å servere grilla storfe,
kotelettar, pølser og karbonader med allverdas godt tilbehør. Om lag 100 menneske
kosa seg med eit herleg grillmåltid under preseningane ved Grendahuset.
Dans
Etter at maten hadde fått sige litt var det tid for
litt rørsle igjen. Inne i Grendhuset var det gjort klart til dans, og
platespelaren spelte dansemusikk for både unge og eldre. Triveleg å vere på dans der fleire genrasjonar har det kjekt i lag. Då
natt gjekk mot dag, rusla vi heimatt og gleda oss til neste barmadag.
Tilbake til hovudsida.
|