barmen.no: Håvar Fagerli  12.03.2004

ÅRSMØTET I BYGDELAGET 2004.

Det er tid for årsmøte. Barmøy båthamn A/L hadde sitt 07.03, grunneigarlaget skal ha sitt møte 21.03.03 og bygdelaget hadde sitt årsmøte onsdag 10.03.

Før sjølve møtet tok til, fekk vaktmeister Svein æra av å opne dei nye toaletta i grendahuset. Ei epoke er over. Det er no slutt på raude blinkande lys som varslar mangel på posar i toalettet eller at forrige brukar har laga ein stopp i systemet. Ved slike høve måtte Svein trå til, og arbeide svært så fort, slik at sårt trengande kunne ta dei elektriske posetoaltettet i bruk att. Med denne innføringa av WC i grendahuset kan Svein no ta til med andre syslar i dei mange arrangementa i grendahuset. Det er Tore Stenberg som har bygt tilbygget som i tillegg til WC inneheld dusj.

Alle deltok aktivt på møtet. 

 

Olaug vart valt til leiar for bygdelaget i tre år.

 

 

 

Alfred, Svein og møteleiar Tor.

Det var eit veldig godt årsmøte. Konstruktivt ordskifte under god styring av møteleiar Tor. Under møtet vart det servert kaffi og kaker, og det vart tid til ein liten prat utanom saklista. Noko av det som vart bestemt under møtet var:

  • Det skal vere dugnad på grendahuset laurdag 20. mars. 

  • Bygdelaget har fått løyve til å avlive villkattar på øya. 

  • Det skal arrangerast førstehjelpskurs for heile øya. 

  • Det vart skipa ei beredskapsnemnd som skal utarbeide ein beredskapsplan for kva vi kan hjelpe kvarandre med under eventuelle brannar og andre kriser. 

For meir informasjon kan ein lese referatet under: 

REFERAT

Årsmøte i Barmøy bygdelag, onsdag 10.03.2004, i grendahuset.

Desse møtte: Ingmar, Yngvill, Audny, Anne Laila, Gudfinna, Stig, Kjell, Torbjørn, Knut; Alfred, Svein R, Tor, Sigrid, Magni, Aslaug B, Kariann, Håvar, Olaug, Tone, Tor og Astrid.

SAK 1: GODKJENNING AV INNKALLING.

Innkallinga var godkjent utan merknad.

 

SAK 2: VAL AV MØTELEIAR.

Tor Evjen vart valt.

 

SAK 3: VAL AV SKRIVAR:

Astrid Barmen vart valt.

 

SAK 4. VAL AV TO TIL Å SKRIVE UNDER MØTEBOKA.

Kariann Myklebust Fagerli og Ingmar Solvåg vart valt.

.

 

SAK 5. VAL AV STYRE 2004 I BYGDELAGET.

Desse vart valt:

Børje Petterson, Halvdan Solvåg, Kjartan Myklebust, Anne Laila Myklebust, Claudia Rist

Vara: Magni Mjånes Myklebust

 

SAK 6. VAL AV LEIAR FOR BYGDELAGET

Olaug Wold Haugland vart vald for tre år.

 

SAK 7. ÅRSMELDING OG REKNESKAP

Årsmeldinga vart godkjend med merknad om at styret for Bygdalaget må sende ein forespørsel til kommuna ang.handheving av reglar for bu-og driveplikt på aktuelle bruk  på 

Barmen.

Rekneskapet vart godkjent som det låg føre.

 

SAK 8. RUTINE FOR INNKREVING AV LEIGE AV BÅTPLASSANE

Svein R. tok på seg arbeidet med å montere kasser ved dei aktuelle båtplassane. Tor hjelper til med å skaffe kasser og innbetalingsblankettar.

Satsar er bestemt tidlegare.

 

SAK 9. UTLEIGE AV BYGDELAGET SIN BÅTPLASS I BARMØY BÅTHAMN

Styret sitt forslag om at båtplassar blir leigd ut frå 15 okt.-15 mars for kr 1500,- pr.båt vart vedteke.

Styret sender ut informasjon til bygdefolk der interesserte kan melde seg. Tildeling av plass vert evt. gjort ved loddtrekning. Pris kan evt.vurderast etter eit år.

 

SAK 10. FLYTTING AV OPPSLAGSTAVLE I BARMSUND

Det har vore planer for utviding av snuplassen og evt. opparbeiding av rasteplass i Barmsund.

Før oppslagstavla blir flytta må ein ha kontakt med teknisk avdeling og Statens Vegvesen. Olaug tek kontakt.

 

SAK 11. SKILTING AV STIAR

Gruppa som arbeidde med dette vart oppfordra til å kalle saman til eit møte og arbeide vidare.

 

SAK 12. AKING I TRYGGE OMGJEVNADER

Problemstillinga vart diskutert. Årsmøtet kan ikkje gjere vedtak, men set fokus på problemet. Alle er opptekne av at det blir trygt både for ungane, foreldra og bilistane.

Oppfordring til foreldra om å finne akebakkar utanom vegane og generell oppfordring til bilistane om å køyre forsiktig.

 

SAK 13. ARRANGERE EIGE MØTE ANG.SKULEN

Dato for dette møtet vart sett til onsdag 14.april kl.20.00

Styret for bygdelaget kallar inn

 

SAK 14. SØKNAD OM LÅN

Styret for Barmøy Bygdelag får fullmakt til å ta opp lån inntil kr 200000.- til å gjere ferdig tilbygget til Grendahuset

 

SAK 15. SØKNAD OM TILSKOT FRÅ GRUNNEIGARLAGET

Styret søkjer om tilskot på kr 100.000.- frå Grunneigarlaget til ferdiggjering av Grendahuset.

 

SAK 16. DUGNAD PÅ VASKING OG RYDDING I GRENDAHUSET

Det vert dugnad laurdag 20.mars kl 10.00 og evt. laurdag 27.mars kl 10.00

 

SAK 17. PLAGE MED VILLKATTAR-REDUKSJON AV KATTEBESTANDEN

Før feller vert sett ut vert det sendt ut eit skriv med oppfordring om å merke dei kattane ein ikkje vil ha avliva. ( Astrid sender brev)

Tor tek av seg avliving etter godkjend metode frå vetrinær.

Ein vil vidare oppfordre alle om i framtida å sterilisere/kastrere kattar slik at ein kan sleppe dette problemet.

 

SAK 18.SKILTING/VEDLIKEHALD AV VEGEN PÅ BARMEN

Reglar for oppsetjing av skilt med fartsreduksjon gjer dette til eit kostbart prosjekt som kan gå på bekostning av generelt vedlikehald.

Styret må samarbeide med Håvar der ein gjer ein henvendelse til kommuna for å få regulert heile øya som ei fartsone(50). Ein kan i tillegg samarbeide med Trygg Trafikk og få satt opp "Barn leikar" skilt.

Vegen frå hovudvegen til Grendahuset må merkast med fartsgrense-20km/t skilt. Kostnadane med dette eine skiltet kan evt. Bygdelaget dekke ein del av.

 

SAK 19. FYRSTEHJELPSKURS

Selje Røde Kors kan komme og holde kurs i samband med repetisjonskurs for hjertestartaren.

Årsmøtet ynskjer eit slikt kurs. Håvar arbeider vidare med dette.

 

SAK 20.BRANNVERN PÅ BARMEN

Stig, Håvar og Olaug utarbeider ein plan for brannberedskap på Barmen.

Grunneigarlaget har kjøpt inn 20 brannriver

 

SAK 21. BARMEN.NO

Heimesida er no i skikkeleg drift. Sida har masse "besøk" og er ein vesentleg faktor som gjer Barmen synleg på kartet.

Håvar og Stig saknar innspel og oppfordrar alle om å skjerpe seg litt. Årsmøtet vedtok at det kan kjøpast inn ei korktavle til oppslag på ferja.

I tillegg får Håvar og Stig disponere inntil 10000.-(av områdetiltaksmidlar)til innkjøp av programvarer og dekning av faktiske utgifter.

 

Ref.  Astrid Barmen 

 

Underskrive av Kariann Myklebust Fagerli og Ingmar Solvåg

 

Tilbake til barmøynytt Tilbake til hovudsida

barmen.no 12.03.2004