BARMEN.NO FUNGERER ÒG PÅ HØGFJELLET

barmen.no: Håvar Fagerli  14.08.09   

Det var med stor spaning vi venta på at nettsida til Barmøy bygdelag skulle tikke inn på fjellet Skåla. (Foto: Håvar Fagerli)

Frammøte var sett til klokka sju på ferja. Det var ein flott sommarmorgon, difor gjorde det ikkje noko at ein måtte stå opp noko tidlegare enn det ein vanlegvis gjer i ferien. På ferja vart mobiltelefonen grundig kontrollert for å sikre oss at eksperimentet ikkje skulle mislukkast grunna teknisk slurv.

Fire spente personar hadde eit viktig oppdrag denne dagen. Dei skulle undersøkje om ein verkleg kunne lese nyhende frå Barmen i høgfjellet. For å kvalitetssikre eksperimentet valde delegasjonen frå øya å reise til eit høgast mogleg fjell i regionen. Fjellet Skåla (1848 m.o.h.) i Stryn kommune vart samrøystes plukka ut som forsøksområde.

Klokka 09.30 steig følgjet ut av bilane i Loen, og starta på fotturen opp mot Skåla. Vêret spelte på lag med forskarane, og turen gjekk lett oppover fjellsida. Med eit rikt inntak av sjokolade, friskt vatn og pausar med ei fantastisk utsikt, vart turen oppover ei flott oppleving. Det vart notert i loggen at om ein tek turen i eit roleg tempo, vil mange greie å kome seg opp til Skålatårnet. Under oppstiginga til toppen vart det observert turkollegaer frå om lag sju til godt over 70 år.

Det var ei høgtidleg stemning då følgjet nådde toppen. Alle venta spent då mobilen vart sett på søk etter barmen.no. Då logoen til barmen.no tikka inn på skjermen, vart det utveksla gratulasjonar blant reisefølgjet. Det gledelege resultatet vart feira med kaffi og kvikk lunsj.

På veg ned til bilane fekk ein høyre at over 80 bilar hadde parkert nedanfor fjellet  denne dagen. Det tydde på at fleire hundre personar var på Skåla denne dagen.

Etter ein fantastisk tur var det godt å kome heim att til Barmen med ferja klokka 21.35. Og ikkje minst var det kjekt å kunne spreie den gledelege bodskapen: Vi veit frå før at barmen.no fungerer i utlandet, og no har vi òg funne ut at ein kan lese nytt på barmen.no i høgfjellet.

Har du gjort fleire observasjonar over kvar barmen.no fungerer. Send gjerne ein liten tekst og bilde til: fagerli@barmen.no

Ein glad gjeng etter eit vellukka eksperiment. (Foto: Ein snill turgjengar)

     

Tilbake