|
Jonsokaftan var
heile øya samla på Røyset for å ta farvel med Ruuf, Ebbe, Gils, Gabriëla og
Gerard. Den kreative og positive familien flyttar i sommar til Frøya. Barmen
misser med det fem flotte sambygdingar.
Etter fire år på
Barmen må familien flytte på grunn av jobbsituasjonen i distriktet. Både Gerard
og Gabriëla er utdanna musikarar, og har på dei fire åra ikkje fått faste
stillingar her i distriktet.
Frøya i
Sør-Trøndelag såg fort kva ressurspersonar Gerard og Gabriëla er. Frå hausten
er Gerard tilsett som dirigent, messingpedagog og handverkslærar ved ein
kulturskule og ungdomsskule på Frøya. Kommunen oppretta òg ei 100 prosent
stilling til Gabriëla som musikklærar.
Gerard Rooker seier
til Fjordenes Tidende at det blir rart å ta farvel med øya og folket her, og
tenkjer tilbake til då familien kom til Barmen for første gong:
- Eg hugsar eg sa:
”Slik skal det vere. Dette er vår plass.”
Barmøy bygdelag
takkar for innsatsen familien har lagt ned for Barmen, og ynskjer dei lukke til
på Frøya.
Og om nokre frå Frøya les dette: De er svært heldige som får denne
familien opp til dykk.
Her kan de lese reportasjen i Fjordenes Tidende: Side 1 Side 2
|