|
Fjordenes Tidende skriv 16.02.2004: NY FERJE TIL BARMEN. Seljepolitikarane ønskjer spleiselag til ny ferje til Barmen. Ap og Sp
sine fylkespolitikarar er sentrale for at det skal lukkast. Ordførar
Helgesen (KrF) gav formannskapet beskjed om at å skifte ut ferje, eller
motor i dagens ferje, ville auke behovet for årleg driftstilskot med
150.000 kroner. Helgesen
gav beskjed om at ho alt har vore i kontakt med fylkesordførar Nils R.
Sandal (Sp) med beskjed om at det ville komme søknad om at
fylkeskommunen aukar sine årlege overføringar med 75.000 kroner. -
Dersom ikkje fylkeskommunen er med må vi vurdere å ta heile
kostnadsauken sjølv. Ferja til Barmen er viktig for dei som bur der,
meinte ordførar Helgesen som understreka at Barmen var eit samfunn med
så mykje positiv aktivitet at fylkeskommunen brukte øya som førebilete
for andre. Varaordførar
Liv Stave (H) meinte at når fylkeskommunen brukte aktiviteten på
Barmen som eit eksempel til etterfølgelse, så burde dei sjølvsagt også
vere med på å dele den auka kostnaden. -
Det er likevel slik at det ikkje flyt med pengar i samferdskomiteen, så
det er viktig å vere tidleg ute, sa Stave. -
Alle veit at det er Arbeidarpartiet og Senterpartiet som sit med makta i
fylket og det er difor viktig at lokale representantar frå desse partia
snakkar med eigne fylkespolitikarar, var beskjeden frå Åge Starheim (Frp). Ingen
av dei sju medlemmane i formannskapet hadde noko imot ar det vert kjøpt
ny ferje, eller ein ny motor i den gamle ferja, til sambandet Barmen-
Barmsund. Jobben framover blir derfor å få til eit spleiselag, slik at
kommunen slepp å ta den auka kostnaden åleine. |
||
|
|
|
| Tilbake til barmøynytt |
barmen.no 17.02.2004 |
|