|
Barmadagen 2005 starta med gardsbesøk på garden til Torbjørn Solvåg klokka halv ti. Her kunne dei mest morgonfriske vere med på mjølkinga og å sleppe kyrne ut på beite. Ein del faste gjester møtte opp, men også nokre som ikkje hadde sett alt som foregår før mjølkepakken står i butikken. Eit interesseant og lærerikt innslag som forhåpentlegvis vil halde fram i Barmadagtradisjonen. Då mjølkinga var ferdig og kyrne komne ut i sommarsola, kunne ein få seg sveler og kaffi ved Ekrenaustet. Her hadde Astrid Barmen, Arnhild Andersen og Audny Myklebust laga ein koseleg utekafè. Svelene fall i smak, og vi kunne seie at dette hadde vore ein svært fin start på dagen.
Klokka 14 opna ein for aktivitetane i Grendahuset ved Fjellvatnet. Der kunne ein vere med på fisketevling, rebusløp og hesteskokasting. Hesteskokastinga vart veldig populær og nokre utvikla ei svak form for spelegalskap. Mellom slaga kunne ein nyte dei gode svelene til dei tre A-ane i tillegg til alle dei andre kioskvarene. Vinden bles norda, men området framfor Grendahuset ligg I Iè, så det var ein behageleg temperatur ved grendahusveggen.
Mens ein sat og gomla på svelene, gjekk nokre kvitkledde fram og tilbake med bestemte steg. Og sommarluktene vart forsterka av grilla kotelettar, pølser, storfekjøt og allverdas dressingar og salatar. Klokka var 16 og kokkelaget kunne servere ein svært velsmakande og variert grillbuffè. Over 150 svoltne vart metta ved grendahuset denne ettermiddagen på Barmen.
Etter god mat opna dørene for dans med Inge Ronny Kvåle, Egil Myklebust, Tomas Mjånes Myklebust, Torunn Mjånes Myklebust, Tore Nesbakk og Gunnar Solvåg. Dei serverte musikk for kvar ein smak, og det var livleg og kjekt i grendahuset heilt fram til ut på søndagen ein gong. Vi gledar oss til neste år, og om du les dette og ikkje har vore med på Barmadag før, er det store sjansar for at du må setje av ei helg i juli i 2006. Dette må opplevast!
Sjå plakaten her.
|