|

|
|
Djup konsentrasjon under påskebingoen. Dei med skarpe auge og godt minne kan sjå at samtlege stolar i grendahuset var i bruk. Til og med dei stolane som ikkje har vore i bruk sidan då det var venteliste på juleborda, vart tørka støv av. Barmen.no førte manntal over kor mange som var innom grendahuset denne skjærtorsdagen i 2011. Det viste seg at øya med mellom 30 og 40 fastbuande hadde 89 deltakarar på påskebingoen.
|
 |
|
Arnhild...
|
 |
|
... og Audny sat i hovudkomiteen, og styrte bingoen med hard hand.
|
 |
|
Til og med ein læregut fekk prøve seg som opplesar. Nils kom godt i frå eksamenen, og fekk vere opplesar i fleire omgangar.
|
 |
|
Sølvi med fleire styrte kjøkenet, og trakterte alle dei 89 bingodeltakarane kaffi og brus. Grunna det store oppmøtet vart det innført rasjonering på kakene. Kvar bingodeltakar fekk eitt kakestykke kvar.
|
 |
|
Tusen takk til alle som deltok på bingoen! Det kom inn over 6.500 kroner. Dette skal brukast til det nye kjøkenet i grendahuset.
|