STRÅLANDE NASJONALDAG 2006

barmen.no: Håvar Fagerli, 22.05.2006
Flatraket skulekorps kom også dette året til Barmen. Her ser vi dei i ferd med landsettinga før dei skulle leie 17. maitoget på Barmen.
Korpset skapte god stemning, og fekk hjelp av lokale "duskedamer". Turistane til venstre fekk eit ekstra ferieminne då toget tromma forbi hyttene deira to gongar.

Berud Javczewski, Regina Püshner, Renate Hanné og Helmut Hanné tykte veldig godt om den norske feiringa av nasjonaldagen. Dei fortalde at det var veldig stemningsfullt og fint, og dette var eit kjekt minne å ta med seg heim i ferieboka.

Kariann leia samlinga i grendahuset med god hjelp av assistenten. Kariann heldt også tale der ho fortalde om 17. maifeiringa på Barmen før i tida. Det vart fortalt at under krigen vart det ikkje helde fest, men eit svært festleg "møte" for å markere nasjonaldagen.
Luftgeværskytinga starta ikkje så godt dette året. Ingen treff, men så fann Tor ut at geværet mangla sikte. Då gjekk alt så mykje betre.
I kappløpet på vegen ovanfor grendahuset var det svært god innsats. Som ein kan sjå av biletet gjeld det å halde tunga beint i munnen.

Etter denne utprøvinga av nye løpsdrakter fann ein ut at dei faktisk fungerte greit.

"Korleis var reglane i fjor?" Tre ringrevar i Barmøens Dartklubb diskuterer reglane for pilkast-tevlinga.

Reglane for hesteskokastinga var i alle fall i orden. Kjell er her i ferd med å få hesteskoen i nærleiken av pinnen

17. mai 2005

Tilbake