|
barmen.no: Håvar Fagerli |
||
|---|---|---|
![]() |
Medan vi venta på Flatraket skulekorps, var det godt å ha eit lite skur å krype inn i. | |
![]() |
For det var ikkje 17. mai vêr. Nokre som hugsa godt tilbake sa at dette var det minst fine 17. mai-vêret på 40 år. | |
![]() |
Men både barmarar og skulekorpset tok det som ei utfordring, og toget gjekk som vanleg. | |
![]() |
Flatraket skulekorps var veldig flinke, og gav oss ei god 17. mai-kjensle. | |
![]() |
Magni leia festen i grendahuset. Ho las både dikt og fortalde forteljing. | |
![]() |
Elin spelte kjempefint på fiolin. | |
![]() |
Som vanleg vart det servert mykje god mat. | |
![]() |
Dei utstilte bileta i grendahuset førte til mange gode mimrestunder. | |
![]() |
Svein og Kjartan set opp vern mot regnet for røykjarar og hesteskokastarar. | |
![]() |
Inne var det kappløp for både store og små. | |
![]() |
Skytinga på loftet er ei grein med stor prestisje. | |
![]() |
Arne og Gunnar delte 1. plassen, og fekk kvart sitt fat. | |