1. juni 2023
0TilhengararLik

Pensjonistlaget inviterer til fest i grendehuset

Selje pensjonistlag kjem til Barmen 28. juni, og vil gjerne ha med seg øyfolket på fest i grendehuset. Selje pensjonistlag kjem til Barmen med ferja klokka 14.40 onsdag 28. juni. Arrangementet blir i Barmøy grendehus, der det blir mat og musikk. Pensjonistlaget legg også til rette...

Velkomen til feiring av 17. mai på Barmen

Barmøy bygdelag inviterer til feiring av nasjonaldagen i grendahuset 17. mai klokka 12:30. Det blir tog, leikar, stafettar, sekkeløp, fine premiar, kaffi, brus, kaker, is og pølser. Ta gjerne med eit fat med mat til felles matbord. Vi tek ein inngongssum på 150,- då...

Påska på Barmen – påskekafé og vårstemning

Det er gode vêrmeldingar, og alt ligg til rette for ei fantastisk påske på øya.  Første påskedag, 9. april klokka 14.00, inviterer bygdelaget til påskekafe i grendahuset. Ferjeruter i påska: Skjærtorsdag, langfredag og påskeaftan er det laurdagsruter. 1. påskedag og 2. påskedag er det søndagsruter. Velkomen til...

Kino med kafé i grendahuset laurdag 1. april

Det blir kino med kafe i Barmøy grendahus laurdag 1. april. Klokka 14:15: Kampen om Narvik. (Ferje frå Barmsund 13:30, retur 16:10) I pausen mellom filmane blir det kafé der ein kan kjøpe seg noko bite i. Klokka 17:00 Avatar: The Way of Water. (Ferje frå Barmsund...

Inviterer til søndagsmiddag på Barmen 15. januar

Nokon søndagar framover vil Barmøy grendehus ha ope for middagsservering. Første søndagsmiddag blir 15. januar. Tilbodet er for både fastbuande, hyttefolk og alle andre som vil besøke øya. Søndag 15. januar blir det servert middag frå klokka 14:00 til 16:30. På menyen står heilsteikt kalkunfilet med omnsbakte...